Priser

Mat & interiør

Eg tilbyr profesjonell matfotografering og interiørfotografering for små og store bedrifter. Treng du foto til restauranten din, baren, hotellet, catering-firmaet, eit redesign-prosjekt, eller noko heilt anna: Ta kontakt for ein uforpliktande prat om pakkar og prisar.

Bryllup

Eg fotograferte mitt første bryllup i 2010, og har sidan den gong foreviga rundt 150 bryllup i inn- og utland. 

Eg kombinerer ei fotojournalistisk tilnærming med portrettfoto, noko som sørger for at kundane mine får dekka store og små augneblunk gjennom dagen, samt ein kombinasjon av klassiske og kreative portrett.

Målet mitt er å dokumentere menneska og hendingane som naturleg utarter seg på ein diskré og uforstyrrande måte, fange kjærleik, glede, detaljar og ikkje minst den unike stemninga som rammar inn ein så unik festdag.

Halv dag

27 000,-

inkl- mva.*

  • Planleggingsmøte før bryllupsdagen.

  • Fotografering av bryllupsdagen, 6 timar.

  • 300 ferdigredigerte, høgoppløyselege digitale filer.

  • Rettigheiter til personlig bruk av bileta.

Heil dag

35 000,-

inkl- mva.*

  • Planleggingsmøte før bryllupsdagen. 

  • Fotografering av bryllupsdagen, 10 timar.

  • 600 ferdigredigerte, høgoppløyselege digitale filer.

  • Rettigheiter til personlig bruk av bileta.

Ekstra timer

2 000,-

pris per time, inkl- mva.*

Det er mogeleg å tilpasse/legge til timar til kvar pakke.

* Ved booking fakturerer eg eit urefunderbart reservasjonsgebyr på 1/3 av totalbeløpet for å halde av datoen - ein viktig reservasjonsgaranti for meg som fotograf som held av dagen i så god tid. Parallellt med det lagar eg ei kontrakt som stadfestar avtala vår om fotografering. Booking er fullført når kontrakt er signert og reservasjonsgebyr betalt.

*Ved bryllaup utanfor Oslo kjem utgifter til reise og overnatting i tillegg.